Fra Thor-Glimt Nr.25 – Januar 1970:

En virkelig solskinnshistorie:

 

Hva en julepakke til en ukjent sjømann førte til

 

            Vi i 1. klasse ved Stord off. Spesialskole - har atter ein gong fått slik gledeleg overrasking at eg måtte «ta penden i min hånd» for å fortelje for nokre hyggjelege sjøfolk det er ombord på MS THORSØY. Vi har i dag mottatt ein sjekk på 920 kr. som vi har fått frå mannskapet ombord på denne båten.
            Men la meg fortelje korleis det heile begynte. Som de kanskje alt har forstått, er eg lærarinne. Eg arbeider ved Stord off. Spesialskole - ein internatskole for evneveike gutar med tilpasningsvanskar. Skolen er 5 år gammal, og her er ca. 40 elevar i alderen 7-16 år. Mange av elevane har store problem å stride med. Ved sida av at evnene deira er små, så har ein del av dei foreldre som ikkje bryr seg det spor om borna sine. Aldri får dei brev! Ingen gler seg til dei skal komma heim på ferie! Er det rart at slike born vert vanskelege? Heldigvis er her også nokon som har gode foreldre som hugsar borna sine med brev og pakkar. Men dette skaper misunning hos dei som ikkje er så heldige.
            I fjor haust fann eg ut at vi kunne sende pakke til ein ukjend sjømann. Då hadde alle ein dei kunne skrive til. Og noko som var endå viktigare: Dei fekk kanskje brev! Vi adresserte pakken til ein styrmann. I brevet fortalde eg om gutane og bad, så fint eg kunne, om eit svarbrev og eit bilete av båten.
            Tida gjekk, og både elevane og eg hadde mest gløymt heile julepakken. Men ein dag i slutten av januar kom svaret! Det var Hans Arnold Kristensen, overstyrmann ombord på MS THORSØY, som hadde fått pakken vår. Han hadde vist brevet til kapteinen - Jan Danielsen - og dei hadde vorte einige om at dei ville gjere noko for desse gutane. Dei hadde innsamling ombord, og resultatet var at vi fekk tilsendt ein sjekk på 470 kr. Dessuten fekk vi koselege brev og bilete av båten. Eg måtte lese breva så mange gonger at eg til slutt mest kunne dei utanåt. Pengane vart bruka til «brus og bolle-festar» - noko som var veldig populært.
            I året som har gått, gjekk sendingane flittig mellom THORSØY og skolen. Ein gong fekk vi ca. 20 festlege kort frå dei forskjellige ombord. Alle hadde skrive - frå yngstemann til kapteinen. Mange koselege brev har vi også fått. Dei flotte korta pyntar opp i klasserommet saman med bilete av båten.

Så kom mandag 15. desember 1969. Den dagen kom det eit rekomandert brev til skolen. Vi var veldig spente på hva dette kunne vera, så vi skunda oss til postkontoret for å hente sendinga. Då vi åpna konvolutten, fann vi atter ein gong ein sjekk «fra kaptein, offiserer og mannskap ombord på MS THORSØY», som det stod på julekortet. Denne gongen var den på 920 kr.! Vi vaksne vart nærast mållause, mens elevane var elleville. Dette var «mange pengar», det forstod dei, og dei var snart i full sving med å planleggje kva dei skulle brukast til. Etter ein del diskusjon vart vi samde om å bruke dei til utstyr i ei hytte som skal byggjast for gutane på ei folke­tom oy ikkje så langt her frå. Det kan vere godt for gutane å komme bort frå skole-området somme tider. Denne hytta vert det ikkje loyvt pengar til i departementet, så ho skal byggjast for penger som Røde Kors o.1. organisasjoner gir elevane. De skjønar sikkert at dei 920 kr. vert til stor hjelp!
            Eg synest mannskapet ombord på MS THORSØY har vore så fantastiske mot gutane her ved skolen at dei fortener nokre ord i «Thor-Glimt». Ei særleg takk må eg retta til dei to som fekk det heile i sving, og som sidan har sørgt for å halde kontakten ved like, nemlig han som fekk pakken vår, overstyrmann Hans Arnold Kristensen, og kapteinen ombord, Jan Danielsen.
Tenk at ein liten pakke til ein ukjend sjømann kan føre til så mykje hyggje og glede!

Annbjørg Bøe.